friskbrisenergi.no                                                       fornybar energi løysingar


Heim Energi frå sjøbølger Vindenergi  Termisk energi Om nettstaden Kontakt

Omformar termisk energi til elektrisk energi og kjøler omgivnadane

Energianlegget omfattar ein elektrisk oppvarma kjele, ein dampturbin, ein elektrisk generator, ein varmevekslar og varmepumper. Dampturbinen vert dreven av trykkskilnaden i arbeidsmediet (vatn) mellom innløpet og utløpet av turbinen. Arbeidsmediet på innløpssida av turbinen vert varma opp av ei varmepumpe som tek varme frå ei ekstern vasskjelde til dømes hav eller elv (eller luft). Arbeidsmediet på innløpssida av turbinen vert ytterlegare varma opp ved bruk av ei varmepumpe som overfører varme frå arbeidsmediet på utløpsida av turbinen. Arbeidsmediet vert til slutt varma opp til damp i ein kjele ved bruk av elektrisitet.

Vatnet frå den eksterne vasskjelda vert kjølt av varmepumpa og vert etterpå returnert til vasskjelda eller deponert andre stader der det kjøler omgivnadane.

For å sjå ei skisse av anlegget klikk her