Ein effektiv og praktisk metode for utvinning av energi frå sjøbølger

Metoden er eit masse – fjør svingesystem som inkluderer ein overflatebøye og eit eller to vasskammer som heng under overflatebøyen og som er forbundne til kvarandre og overflatebøyen med elektromagnetiske fjører. Masse – fjør svingesystemet har ein eigenfrekvens som er lik eller lågare enn frekvensen til sjøbølgene. Dette medfører at energien i bølgjene vil bli overført til masse – fjør svingesystemet. Energien vert teken ut av systemet ved å bremse dei relative rørslene mellom overflatebøyen og vasskammera. Dei elektromagnetiske fjørene bremsar så mykje som mogleg uten at svingerørslene stoppar og omformar bremsekreftene til elektrisk energi.

Illustrasjonen ovanfor syner eit energianlegg som består av 4 masse – fjør svingesystem der kvar overflatebøye har ein diameter på 3 meter. Anlegget er forankra til 2 anker på sjøbotn. Elektriske kablar (ikkje vist på teikningen) kan monterast langsmed forankringslinene ned til sjøbotn og vidare til land.
Estimert produsert energi frå anlegget:
Bølgehøgd 1,0 meter med periode 6 sekund: 26,8 kW
Bølgehøgd 1,5 meter med periode 6,5 sekund: 65,6 kW
Bølgehøgd 2 meter med periode 7 sekund: 126,0 kW
Bølgehøgd 2,5 meter med periode 7,5 sekund: 210,8 kW
Bølgehøgd 3 meter med periode 8 sekund: 324,0 kW
Illustrasjonen nedanfor syner forankring av energianlegg som er plassert der havdjupna er stor.

Fordeler med metoden:
– forholdsvis liten mengde materialer for å tilvirke anlegget
– høg effektivitet i ulike bølgehøgder
– evne til å motstå store bølgekrefter på grunn av fleksibel fortøyning