Miljøvennleg metode for omforming av vindkraft til elektrisk kraft
Metoden gjer det mogleg å hauste meir vindkraft ettersom vindkraftverket er miljøvennleg og er lett å installere og vedlikehalde. Kraftverket har ingen ytre roterande deler. Mange av komponentane kan lagast av trematerialar. Kraftverket kan tilpassast for bruk på ulike stader. Metoden kombinerer arbeidsprinsippa til ein flyvenge og ein jetmotor.
Vindkraftverk
Når luft strøymer langsmed vengepanela vert lufttrykket redusert på same vis som på oversida av ein flyvenge. Samstundes aukar lufttrykket ved innløpet. Trykkskilnaden gjer at det strøymer luft gjennom kraftverket. Luftstraumen går gjennom ein turbin som driv ein elektrisk generator. Kraftverket omfattar to energiomformerar som fungerer uavhengig av kvarandre. Energiomformarane som inkluderer vengepanel, luftinntak, turbinar og elektriske generatorar er dreibart montert på ein søyle og rettar seg automatisk inn etter vindretningen. Praktisk størrelse til kraftverket vil vera ei høgd på 3,5 m og ei breidd på 2,0 m.
Estimert energiproduksjon pr. kraftverk med effektiv høgd 2,5 m og breidde 2,0 m:
Svak bris (3,4 – 5,4 m/s): 0,1 – 0, 39 kW
Bris (5,5 – 7,9 m/s): 0,4 – 1,19 kW
Frisk bris (8,0 – 10,7 m/s): 1,2 – 2,9 kW
Liten kuling (10,8 – 13,8 m/s) 3,0 – 6,3 kW
Kuling (13,9 – 17,1 m/s) 6,4 – 12,1 kW
Stiv kuling (17,2 – 20,7 m/s) 12,2 – 21,5 kW
Eksempelvis vil overnevnte kraftverk i frisk bris (8,0 – 10,7 m/s) generere nok straum for 31 – 74 stk. 40W lyspærer.
Illustrasjonen nedanfor syner eit vindkraftanlegg som omfattar 5 småkraftverk med høgd 3,5 m og breidde 2,0 m.
Vindkraftverk
Estimert energiproduksjon frå vindkraftanelegget:
Frisk bris (8 – 10,7 m/s): 6,0 – 14,5 kW
Liten kuling (10,8 – 13,8 m/s) 15,0 – 31,5 kW
Kuling (13,9 – 17,1 m/s) 32,0 – 60,5 kW
Stiv kuling (17,2 – 20,7 m/s) 61,0 – 107,5 kW
Eksempelvis kan overnevnte vindkraftanlegg i frisk bris dekke 25% av elektrisitetsbehovet til 8 – 19 husstandar (basert på eit gjennomsnittleg forbruk på 3 kW pr. husstand).