Termisk Energi

Produksjon av elektrisitet, varme og avkjøling ved bruk av varmepumper  

Ei varmepumpe fungerer som eit kraftverk ved å utvinne termisk energi frå luft og vatn. Til dømes, ved å tilføre 1 kW elektrisk energi til ei varmepumpe kan den produsere 4 kW varmeenergi. I tillegg produserer varmepumpa avkjøling.  

Varmeenergi kan omformast til elektrisk energi ved bruk av turbinar eller varmemaskiner. Ved å utvikle teknologi som på ein effektiv måte kan omforme varmeenergi vil det vera mogleg å nytte varmepumper til å produsere elektrisitet i tillegg til varme og avkjøling.

Vatnet eller lufta som vert avkjølt av varmepumpa kan nyttast i kjøleanlegg, ventilasjonsanlegg eller for lokal avkjøling av uteområder.

Energianlegg basert på varmepumper kan også nyttast til å redusere den globale temperaturen. Ein måte for å oppnå dette er å omforme termisk energi til elektrisk energi for deretter å generere lys, som inneheld elektromagnetisk energi, som kan sendast vekk frå jordkloden ved bruk av lampar som er retta mot verdensrommet. Ein annan måte er å bruke den elektriske energien til føremål som i liten grad skaper varme som til dømes pumping av vatn i vatningsanlegg.

Termiske energianlegg basert på varmepumper gjer det mogleg å produsere meir miljøvennleg energi ettersom termiske energikjelder er tilgjengelege overalt.

Skissa nedanfor syner ei mogleg løysing. Løysinga er basert på fagleg skjøn, men er ikkje verifisert ved bruk av analyseprogramvare.

Skissa ovanfor syner ei varmepumpe som varmar opp og kjøler ned eit arbeidsmedium, til dømes luft, som strøymer gjennom eit røyr der det er noko avstand mellom oppvarming og nedkjøling av røyret. Oppvarming medfører auking av lufttrykket og nedkjøling medfører reduksjon av lufttrykket. Trykkskilnaden gjer at luftmassen mellom oppvarming- og nedkjølingspunkta vert sett i rørsle og strøymer til en turbin som driv ein elektrisk generator. Pumpa sørger for at lufttrykket ved utløpet av turbinen alltid er er lågare enn lufttrykket som nedkjølinga skaper. Løysinga gjer det mogleg å omforme energien i varmekjelder med låg temperatur til elektrisk energi.